Quantcast
Channel: NRK Super
Viewing all articles
Browse latest Browse all 8669

Sjå kva som skjer i Påskemorgen

$
0
0

Laurdag 23. mars er det endeleg klart for Påskemorgen!

Geir frå "Dyrevenn" og Christer frå "Kråkeklubben" skal vere programleiarar. Kvar dag i ti dagar kan du sjå Påskemorgen på NRK Super. Vi skal som vanleg ha masse teiknefilm. seriar og spennande gjester.

Det blir nye mysterium å løyse i ein heilt ny påskekrim. Og kvar dag trekk programleiarane ut eitt bursdagsbarn som får ein eigen song som Geir skal synge.

Spør gjestane om kva du vil!

Påskemorgen får besøk av mange morosame gjester som du kan sende inn spørsmål til.

Første gjest i påskemorgen er Finn Arve Sørbø frå tv-programmet Ugler i mosen. Er det noko du tykkjer er rart i naturen?

På palmesundag får påskemorgen besøk av MGPjr-vinnarane frå 2012. Nemleg Marcus og Martinus! I tillegg kjem ein av artistane som skal vere med i MGPjr i år.

Måndag kjem astrofysikaren Knut Jørgen Røed Ødegaard for å snakke om verdsrommet. Han trur det finst intelligent utanomjordisk liv.

Tysdag kjem Arctic Action som jobbar med stunt og scenekamp. Dei har arbeidd på meir enn 100 produksjonar både i Noreg og i utlandet, og har vunne mange prisar.
Foto: Privat/Colourbox/Scanpix/Studio Vest/Artic action
Onsdag kjem skihopparen Johan Remen Evensen. Lurer du på Korleis det er å fly gjennom lufta? Eller korleis du kan bli like god som Johan?

Skjærtorsdag kjem den 14 år gamle tryllekunstnaren Vegardo til oss. Han skal vise oss fleire triks!

Langfredag kjem Astrid Wara som jobbar på Vitensenteret. Ho elskar å forske og eksperimentere!

Påskelaurdag er ei overrasking!

Påskesundag skal vi sjå korleis ein lagar filmeffektar. Då kjem nemleg Leif Arild Eriksen som jobbar som rekvisitør i NRK.

1. påskedag kjem prompeenglane Hedvig og Emil frå Barnas Supershow. Dei er kjempegode til å lure folk! Skal du lure nokon den 1. april?

Har du spørsmål til nokon av gjestane i Påskemorgen? Bruk skjemaet under!
[contact-form-7]


Viewing all articles
Browse latest Browse all 8669