Hest er tema i Dyrevenn denne veka. Vi møter Åsmund, som elskar hester men som ikkje kan ha sin eigen. Difor besøker han rideskulen og fjordingen Edvin så ofte han kan.
- Vi er nesten som brødre. Edvin og eg er veldig glad i kvarandre sjølv om vi kranglar litt iblant, fortel Åsmund.
Då Malin besøkte Åsmund på rideskulen, fekk ho ri på Edvin. Og fordi han er slik ein trygg fjording, prøvde Malin noen ekstra krumspring mens ho satt på hesteryggen. Dette kallast voltige og er ein blanding av turn og dans på ein hest i fart.
Her kan du sjå korleis det gikk!